Medlemsfordelar i PVV
Alle medlemmar av PVV får brukerkonto på PVV sine
maskiner, epostadresse (brukernavn@pvv.ntnu.no og brukernavn@pvv.org) og
42 MB diskplass, som mellom anna kan brukast til heimesider. (Korleis du lagar
heimesider på pvv finn du info om her.)
I tillegg får ein tilgang til PVVs terminalrom, som er ein
svært sentralt plassert datasal (rom 255, SbII. Over stripa, skrått overfor
orakelkontoret.) som for tida har 15 operative maskiner. Seks av maskinene er
kraftige pc'ar med 21" skjermar. Alle maskinene kjører ein eller anna unix-
variant. (T.d. Linux, FreeBSD, NetBSD eller Solaris).
Dersom du ønsker å læra unix er det god anledning til det på PVV.
Me har eit sterkt faglag miljø, med mange svært kunskapsrike personar
(som stort sett ikkje har noko imot å hjelpa nybyrjarar), og ein kan
få større privilegier her enn på
stud-maskinene. (Til dømes gjennom å bli med i PVV-drift.)
Skulle du foretrekka speling eig PVV også ein Playstation 2, for tida med to
spel (Gran Turismo III og GTA III)
PVV har 2 cd-brennarar, ein scanner, ein zip-drive og ein LS-120 stasjon som
er til disposisjon for medlemmane. Informasjon om korleis du brukar dette
utstyret finn du her.
Dersom du går tom for diskplass er det anledning til å kjøpa eigen partisjon.
Meir info om diskkjøp finn du på
http://www.pvv.org/disk/.
Du kan bli med på kurs og andre arrangement
i regi av PVV. Dei aller fleste arrangementa er gratis for medlemmar.
PVV har òg ei relativt rikholdig boksamling til
disposisjon for medlemmane, og ei bokhylle full av blad og teikneseriar. (For
tida abonnerer me på Tommy & Tigeren og Linux Journal.) Me har i tillegg eit
romsleg bokbudsjett, så dersom du har forslag til bøker/blad me burde kjøpa inn
er det berre å senda ein mail til styret (pvv@pvv.ntnu.no).
|