Utstyr tilkopla PVVs maskiner

Følgande utstyr er tilgjengeleg for medlemmar av PVV:

Alt utstyret skal nå væra oppegåande og fungera fint og flott! Hvis dei mot formodning ikkje fungerer så vennligst sei ifrå til drift@pvv.ntnu.no.

I dette dokumentet og underdokument er det skildra korleis ein kan gjera seg nytte av dei ulike tenestene. Alle tenester er tilgjengelige for vanlege brukarar som er medlemmer hjå PVV. For øyeblikket forutsettes det at ein er logga inn på dei respektive maskinene (kvin eller hb) for å bruka utstyret. På slutten av dokumentet står det også litt spesifikt om oppmontering av forskjellige saker og ting som også er tilgjengeleg

For spesifikk bruk av dei enkelte programma så er det lagt inn manualsider for alle program (med unntak av cdthing) på hb.

Scanner

Scaneren er ein HP ScanJet 5p, som er ein flatbed fargescanner. Programmet for å bruka denne er 'xscanimage'.

Tapestasjon

Tape er ein DAT stasjon, og den finner du på /dev/st0 eller /dev/tape. Programmer for å bruke denne inkluderer mellom anna 'mt ...' og 'tar ...'.

Zip-drive

Vi har også ein iomega Zip-drive plus, som vi har koblet til hb. Denne kan takla både dos-disker og linux-disker (eller mer korrekt disker med ext2-filsystemet). Måten å bruka desse på er ved å montera opp disken med enten 'mount /mnt/zip1/dos/' eller 'mount /mnt/zip1/linux/'. Deretter kan ein bruka det som ein vanleg katalog. Husk på å avmontera katalogen etter bruk med 'umount /mnt/zip1/dos/' eller 'umount /mnt/zip1/linux/'.

Eventuelt så kan ein bruka 'tar ?? /dev/sdb ...' for direkte aksessering av zip-disken.

CD-brennarar

Det står to cd-brennarar på PVV, kopla til hb og kvin. Begge handterer både CD-R og CD-RW plater, og måten ein bruker dei er nesten identisk. Aktuelle program for å bruke dei er 'mkisofs' og 'cdrecord'. Merk at opsjonane til cdrecord er litt ulike på brennarane. Dersom du bruker brennaren på kvin skal du bruka 'dev=0,0,0 speed=16'. For brennaren på hb bruker du 'dev=0,4,0 speed=16. Kvin har også installert to grafiske brenneprogram, xcdroast og gcombust.

Hvis ein ønsker å laga ein kopi av egne audio cd'er, så finnst det også eit program 'cdparanoia -p -R ...' som er istand til å lesa audio cd'er. (Husk på å bruke opsjonane '-p -R' siden ein ellers har potensiale for å få feil rekkefølge på dataene) Etter å ha svidd cd'en eller bare generelt sett for å spela av cd'ar så kan ein bruka programmet 'cdthing ...' (opsjonen '-h' beskriver bruk).

I katalogen /scratch er det plass til å lagra cd-image, og eventuelt dataene du skal lage eit cd-image av. (med 'mkisofs'). Du kan montera /scratch/loopback for å testa et cdimage. Husk å sletta filene dine etter at du er ferdig, slik at andre kan bruka brennaren. (/scratch-katalogen skal ikkje brukast som lagerplass. Data som ligg der kan bli sletta utan forvarsel.)
Dersom du skal brenna cd-ar og det ikkje er nok ledig plass kan du sjekka om det er nokon av dei andre som sit på terminalrommet som kan hjelpa deg. Eventuellt kan du senda mail til drift@pvv.ntnu.no.

Oppmontering

Vanligvis er det ikke tillatt for vanlige brukarar å montera opp forskjellige filsystem o.l. På hb er det likevel anledning til å montera opp ein del ulike filsystem tilknytta die forskjellige enhetene. Kommando for å montere opp er 'mount mtpoint' hvor mtpoint blir henta frå følgande liste:

/mount/floppy/3.5/dos
Monterer opp diskett med DOS filsystem (vfat)
/mount/floppy/3.5/linux
Monterer opp diskett med linux filsystem (ext2)
Bruk 5.25 for 5.25" diskettstasjon.
/mount/zip1/dos
Monterer opp zip-drive med DOS filsystem (vfat)
/mount/zip1/linux
Monterer opp zip-drive med linux filsystem (ext2)
Du må kanskje bruka zip4, eller zip2 / zip3 / zip, dersom zip-disketten din er partisjonert anderledes.
/mount/cdrom
Monterer opp cd'en med et standard ISO9660 filsystem
/mount/loopback
Monterer opp et image med navn /scratch/loopback som om det var en ferdig brent cd
/mount/ftp/nvg
Automonterer opp ftp.nvg.ntnu.no
/mount/ftp/pvv
Automonterer opp ftp.pvv.ntnu.no Husk på å avmontera filsystemene med 'umount mtpoint' etter bruk. Dette gjelder ikkje ftp-katalogane.


Feilaktig og ulovleg bruk av utstyret er ikkje PVVs ansvar.