A Box of Troubles - resyme of the first run the new guys did together
Skrevet av Blue Note som et slags resyme av det som skjedde første gangen den nye gruppa dro på et shadowrun sammen.

A Box of Troubles

Det er vel rett nok ikkje akkurat ein dungeon som er problemet her, men heller eit shadowrun, mne det hele verkar på same måten.

I alle fall vart eg kontakta av ein kar, som eg seinare skulle få vite kalte seg Wraith og maskerte seg som ein grevling, om at han hadde eit shadowrun. Han hadde også kontakta fleire andre folk som eg ikkje hadde møtt før:

KitaroEin street samurai, veldig flink til eit begrensa antal ting. Spesielt då å slost. Orientalsk herkomst.
LynxEin Cat-shaman som har eit godt potensiale sjølv om det ikkje verkar som ho har ei overflod av erfaring i slikt arbeid enno. 
GormTroll - physical adept, fattig og flink til å slost. Ikkje mykje anna ved han eigentleg, men ein kan ikkje heilt vite.
John DoeJ.D. var ikkje mest til nytte på dette oppdraget, men han verkar som ein likandes kar. Hans spesialitet er forhandlingar o.l. (Dette er Johnny Cardio)
MaxTusenkunstnar, og forøvrig den einaste i gruppa som har bil. Hans kunnskap om eksplosivar var til stor nytte seinare.

Første møtet vart avhalde på Club Penumbra, i eit av bakroma der. Eg møtte opp tidleg (gjekk ned dit) og sat og venta fleire timar. Eg klarte ikkje å finne ut noko om oppdragsgjevaren 'vår', men tok sxjansen på å møte opp likevel, sidan det hadde vore så lenge siden det skjedde noko.

Det er ikkje mykje å seie om møtet. Vi møtte fram, vart introduserte for kvarandre og fekk vete at oppdraget gjekk ut på å skaffe til veie ei boks (30x20x10 cm) som hadde vorte mista. Vi fekk vite kvar denne boksa skulle vere å finne, og vi klarte å forhandle oss fram til 3 500 nuyen + 1 000 nuyen til kvar dersom vi klarte å gjere oppdraget innan 24 timar.

Heilt på slutten av møtet prøvde eg å assense fyren, men han maskerte seg som ein grevling, altså er han ein initiate eller ein shapeshifter.

Vi reiste så tilbake til plassen til Max og diskuterte litt fram og tilbake. Til slutt bestemte vi oss for å reise ned til det aktuelle området, sjå oss litt rundt og deretter planleggje meir.

Nede i det aktuelle området fann vi ei sjappe som gjekk under namnet McGrub, eller noko tilsvarande. Der kom vi i klammeri med dei lokale gjengrepresentantane. Dette endte med at ein del av dei døde, og dei andre vart hardt skada. Eg kjem no på at Juan (som var ein av leiarane) faktisk var ein av dei som overlevde. Lynx prøvde å helbrede han slik at vi kanskje kunne forhøyre han, men ho klarte berre å stabilisere han. Eg tror ikkje at de andre gjorde noko med han heller.

(GM bemerkning: Dette stemmer rett og slett ikke - Blue Note tar feil her. Det er riktig at Juan ikke var i en kritisk tilstand når Lynx var ferdig med å forsøke seg på litt healing, men senere kvalte Lynx han rimelig iskaldt med å holde for nese og munn på lederen. Men det skjedde rimelig stille og rolig, og dermed fikk ikke hele gruppa med seg hva Lynx foretok seg.)

Etter at vi hadde klart å kome oss litt frå denne greia så bestemte vi oss for å sjekke huset til den gjengen som antageligvis hadde teke boksa. Etter litt planleggjing og koordinering klarte eg å løfte alle dei andre over på taket til bygninga, men det tok på.

Der borte tok Max og sprengde seg veg ned i taket, og han, Kitaro og Gorm hoppa så ned mens John låg i dekning. Lynx følgde så etter nedover i holet. Der nede kom Gorm i kamp med ein fyr som gøymde seg i eit drivhus, og seinare med ein physical adept. Men motstanda var ikkje spesielt vanskeleg før vi kom ned i 1. etasje, der det var ein gal fyr med magiske evner. Etter litt om og men ende det imidlertid med at han kasta ein Hellblasat på ein slik måte at også han sjølv vart påverka av den og på den måten drap han seg sjølv. Om enn ikkje før etter at han hadde klart å ta ut meg.

Eg vil også nemne at dei magiske forholda inne i huset var heilt unormale, bakgrunnsstøyen var i beste fall grad 2, og den ånda som eg prøvde å kalle fram vart heilt forvridd. Eg lurer på om eg skal stikke tilbake til området no etterpå og sjå om det er noko meir av interesse der. Dei forskjellige folk som vi drap hadde også forskjellige fysiske og magiske mutasjonar. Ein hadde prikkar i blodet sitt f.eks. Det hadde kanskje vore på sin plass å freiste å få tak i nokre likdelar for vidare undersøkjingar.

Vidare
Vi held no på å diskuterar fordelinga av byttet o.l., men eg er eigentleg godt nøgd med min Fichetti Security og pengane som eg har fått. Eg har også lurt på om eg skal prøve å opprette ei astral-contact gruppe, men eg veit ikkje om det er heilt kurant akkurat no.


Taken from the pages of Jens-Arthur Leirbakk