Mere av Blue Notes notater...

Meir bråk

Det var ein gong nokre folk som ikkje heilt hadde fatta korleis skiten hang her i denne jammerdalen. Dette er rett nok ikkje ein uvanleg tilstand, faktisk er ho regelen heller enn unnataket, men det er definitivt farlegare dersom ein lever av å setje livet sitt på spel slik som desse karane gjorde. Desse karane lei som sagt av eit forvrengd verkelegheitsbilete som gjorde at dei bestemte seg for å reise ut på eventyr utan deira lite skatta magikarar... men la meg i staden byrje frå byrjan av:

For min del byrja det heile med at nokon hadde lagt igjen ein beskjed på mobiltelefonen min (eg abonnerer på det via ein eller annan falsk konto som AXE har oppretta for meg). Denne nokon var då den tidlegare nemde grevlingen, og etter at eg hadde karra meg ned dit vi skulle møtast (Club Inferno) så viste det seg at Lynx også var forsinka (eg møtte henne utanfor).

Ei rask forklaring og ein taxitur etterpå var vi i alle fall framme på åstaden (passande namn) og vi fekk med sjølvsyn sjå korleis det gjeng nå normale folk går opp mot magisk firepower og nokre normale forsvarsverk.

Fyrste hintet var at Max låg i stab-uniten i bilen sin, heilt klart i ein kritisk situasjon, og sjølv om resten av teamet var oppegåande var ikkje situasjonen heilt lyseblå. Kaneda var også skada. (Eg trur i alle fall at han var det, men sidan han vart skoten i filler rett etterpå kan det hende at han ikkje var skada akkurat då men heller vart det seinare.) Eg møtte også for fyrste gong Nightswan, ein alvisk physad som snakkar med pistolane sine. (Og får dei til å gjere som han vil.)

Før vi eigentleg fekk sett oss inn i situasjonen vart vi overfalle av sikkerheitsstyrkar, eg er ikkje sikker på kva for eit firma det var men dei var nokså gode. I den følgjande kampen hadde vi store problem (i min auge) og det var berre med naud og neppe at vi klarte oss, men det gjorde vi.

Etter at vi hadde skote oss gjennom sikkerheitsstyrkane så fekk vi eit tidsvindu fram til team 2. Denne brukte eg til å gå gjennom huset astralt (dei delane eg kunne kome fram til) og finne vårt primære mål. Vi tok oss så inn til han, fekk tak i chipen og bedøva han.

Etter dette stakk vi av, eg flaug til Club Inferno, Niteswan tok ein armert bil vi fann i kjellaren og dei andre tok bilen til Max. (Max og Kaneda hadde på dette tidspunktet vorte henta av DocWagon.) Begge bilane vart plaga av forstyrrelser, men dei kom seg vel fram til slutt. Vel framme i Club Inferno fekk vi levert sakene til Wraith, men akkurat då vi skulle til å gå vart vi overfalle av nokre andre dustar som berre kom stormande inn. (Minn meg på at vi skal setje ut vakter i slike tilfelle seinare, ei hearth spirit burde gjere seg.) Vel, vi klarte av denne situasjonen også, og kverka dei. Dermed fekk vi ein bonus frå Wraith (pretensiøst namn for ein fyr som maskerer seg som ein grevling), og eit LTG der vi kan kontakte han.

End of Story


Det er eit par ting som er verd å merkje seg ved dette runnet. Fyrst er det det faktum at vi ikkje tok oss bryet å finne ut kva det eigentleg var vi var etter. Deretter det faktum at vi aldri fann ut kven som var target (eigentleg). Dette er ting vi må rette på dersom vi ønskjer å verte lenger i biznizen. (Det skulle sjølvsagt vise seg at vi nok burde vere litt meir grundige når det gjeld slike ting, sjå lenger nede.)