Even more av Blue Notes notater.

Backlash

Vel vel vel, i skrivande stund er vi altså i full gang med å ekstrahere oss frå skiten som festa seg ved oss i siste run, og det kan sjå ut som om det er tyngre skit enn stallane i Trakia. Mykje tyngre. :-). (Eller var det Trakia? Never Mind!)

For å ta oppsummeringa: Det ser ut som om vårt target i forrige run (Mr. Park) ikkje overlevde lenge etter at vi hadde vore der. Av ein eller annan grunn (ikkje heilt uforståeleg) har då Mr. Sjef (Kim Hong eller noko slikt) fått det føre seg at vi kverka han. Det er sjølvsagt helt mogleg (og dersom det er så kan eg love at skiten skal henge tynt for den forbanna grevlingen), men eg trur det egentleg ikkje.

I alle tilfelle så har vi i det siste vorte overfalle av diverse meir eller mindre kompetente leigemordarar som har gjort sitt beste for å ta knekken på oss (og feila, om enn med liten margin).

Det som er mest bekymringsverdig var likevel at den berykta leigemordaren 'Iceman' (idiot, utan sidestykke spør du meg men meir om det seinare) visstnok hadde akseptert ei kontrakt på oss. Denne informasjonen kom frå Wraith (eg svergar på at skiten skal henge tynt for den fyren).

Vel, etter å ha undersøkt litt og nedkjempa diverse cyberdustar som var etter oss fekk vi danna oss eit bilete av situasjonen som er omtrent som det eg hittil har fortalt, med nokre få tilleggs slik som namna på nokon av dei Seoulpa-gutta som var etter oss. (Det ser ikkje ut som om det er megacorp involvert i dette i alle fall, bortsett frå kanskje pyramiden men det er ikkje bekrefta på nokon måte.)

Etter å ha grave opp dette bestemte vi oss for å konsentrere oss om Iceman og om mogleg finne ein måte å nøytralisere den trusselen han utgjorde på. Vi fann ut at han hadde busett seg i Seattle under eit alias (kronidiot tabbe nr. 1; dersom du øskjer å få være i fred så kjem du ikkje til Seattle) og han hadde gifta seg og fått ein unge (ikkje så idiotisk i utgangspunktet men det vil berre gjere ei heil ordensforskjell i samanheng med tabbe nummer ein). Vi visste sjølvsagt ikkje akkurat dette når vi bestemte oss for å overvake han personleg, men i løpet av eit møte som vi arrangerte så fekk vi høyre historien. Det viste seg at han berre hadde kome heim ein dag og dei hadde vore vekk. Han hadde så fått beskjed om at vi skulle drepast, men det var også noko med ei tidsfrist inne i biletet.

Etter fleire timars diskusjon vart det bestemt at vi skulle prøve å få tak i dei to ved å bruke rituelt sorcery. Dette kunne han ikkje gjere sjølv, men etter litt om og men klarte eg og Lynx å få tak i rituelle materiale og sette i gong å lage ein astral link til dei. Dette klarte vi etter nokre timar og etter nokre timar til klarte eg å leite meg fram til eit område. Dessverre var det to moglege hus som det kunne vere så vi hadde litt porblemer med å finne det rette, men vi kledde oss ut som pizzabud og klarte å finne ut kva slags hus dei var inne i.

Niteswan skaut fyren som åpna døra, men deretter gjorde vi ein taktisk tabbe og venta for lenge med å gå inn. Dette førte til at dei to gislane nesten vart sprengde i filler, men heldigvis klarte Lynx å redde dei. Vi fekk så lagt dei inn på DocWagon sjukehuset der dei antakeligvis er enno. Vi var altså rett og slett for seine når vi skulle gå inn i huset og det enda nesten i katastrofe. (Eit klart tilfelle av dårleg planleggjing.)